lustergront.net 2012

 

      

 

Resistim mot lèrrote i jordbær

 

 Resistim (kaliumfosfitt) er eit preparat som i forsøk har gitt god verknad mot lerrôte i jordbærforsøk som gjekk sist sesong. Spesielt på Ås der felt vart smitta ned med lerrôte-soppen gav preparatet god effekt.

Både førebyggjande og kurativ effekt på soppen; (11 dfs = 11 dagar før smitte. 3 dfs = 3 dagar før smitte. 1 des = 1 dag etter smitte). I forsøka i Lærdal og i Valldal var det mindre naturleg smitte og mindre utslag. Her vart ikkje felta aktivt smitta ned med soppen.

Resistim er eit gjødselstoff (inneheld fosfor og kalium) m.a. brukt til bladgjødsling. Det har dermed ingen sperrefrist og kan brukast som bladgjødslingspreparat utan sperrefrist. Ein kan bruke det førebyggjande og kurativt i utsette sortar (Polka, Sonata m.fl.) etter vermeldingar under kartvekst og bærmodning. Slagregn ved temp kring 20 grader er skikkeleg lerrôte-ver ! Då kan felt bli infiserte på få timar. Under slike vertilhøve kan det vere aktuelt å sprøyte både førebyggjande og kurativt. Vi i NLR S. og Fj. kjem til å tilrå dette stoffet mot lerrôte i jordbær.

 

Resistim verkar og dempande på Raud rotrôte-soppen i bringebær.

Mange felt i fylket er smitta av denne soppen. Også i bringebær er Resistim rekna å vere omtrent like effektivt som Aliette mot R. rotrôte. Det er ingen sperrefrist og preparatet kan utdoserast gjennom gjødselvatningssystemet, evt. sprøytast på hekkane. Stoffet er systemisk og vil raskt bli teke opp gjennom rota ved gjødselvatning.

 

Resistim blir forhandla av LOG og Norgro, salsemballasjen er 10 liter. Prisen har eg ikkje sjekka, men vil tru at med desse eigenskapane vil stoffet bli brukt ein del. Vanskeleg å seie kvantum som vil gå, her vil areal av bærkulturane m.m. spele inn.

 

Dette til orientering.

 

Rune Vereide

NLR S. og Fj.

Tlf 901 69 501

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

KONTAKT

INFORMASJON

 

Luster Grønt AS

6875 Høyheimsvik

 

mob. 95 27 82 27

 

Mail: lustgr@online.no