LUSTER GRØNT AS – KORT HISTORIKK 
av Trygve Lerum
  
DEI FYRSTE ÅRA

Luster Frukt-og potetlager L/L vart skipa av ca. 120 bønder frå gamle Luster kommune i 1956. Kvar partkosta kr 250,- Tomten vart kjøpt for kr 9000,- og fekk namnet «Lagertun». 
Kjellaretasjen vart bygt i 1956 og etasjen over i 1957. Bygget måler 30 x 30 meter. Byggesummen var knapt 570.000, inkludert alt inventar, av dette var ca. 57% lånekapital. Det nyskipa laget tok i mot eple, pærer, bær og poteter. Varene vart lagra og pakka ved anlegget og selt vidare, for det aller meste til Gartnerhallen. Det vart også
oppsett ein stor oljefyrt potetkokar, der bøndene kunne koma med poteter og få dei kokte til bruk som dyrefor. Dårlig økonomi, som toppa seg hausten 1962 med eit dårlig fruktår og truslar om inkasso, førde til økonomisk krise for laget. Forhandlingar kom i gang med Gartnerhallen om kjøp av anlegget. Sal vart vedteke med overveldande fleirtal på eit medlemsmøte i 1963, og Gartnerhallen overtok anlegget same året. I overtakinga følgde også med alt utstyr og varelageret. Eit lokal tilsynsutval vart vald av lagsmedlemene til å vera ein bindelekk mellom medlemene og Gartnerhallen. 
                    
         GARTNERHALLTIDA    1963 – 1998

For den vanlege hagebrukar vart ikkje leveringsbetingelsane vesentlig endra samanlikna med tida før oppkjøpet. Potetkokinga vart imidlertid avvikla. På slutten av 1970-talet var det konkrete planar om ei utviding av lageret, då med bakgrunn i tru på større leveransar. Men så kom frostvinteren 1978/79, og fruktdyrkinga i  Luster fekk ein knekk som den aldri har kome over. Men ikkje så gale at det er godt for noko, ein fekk i staden midlar til oppgradering av huset og bygging av fryserom. Utover i 80-åra gjekk bærsortane  stikkelsbær, rips og solbær ut, og i 1993 vart det slutt på å ta i mot poteter. 
På slutten av 1990-talet byrja Gartnerhallen å avvikla ein del av sine anlegg kringom, og
lageret i Høyheimsvik var eit av anlegga som skulle seljast. 
                                      
  LUSTER GRØNT AS VERT SKIPA 

77 hagebrukarar frå Luster kommune gjekk i 1998 saman om å danne det nye selskapet. Det var lov til å kjøpe kun 1 aksje og prisen var kr 4000,- pr. aksje. Luster Grønt AS gjekk ganske fort over til å verta ei rein mottaks/fryseribedrift for bringebær og jordbær. I 2002 vart det investert ca.7 millionar i bedrifta. Den største kostnaden var innkjøp av rotasjonsfrysar til bringebæra. Nokre av styremedlemane var til Danmark og såg på ein iknande rotasjonsfrys- Dei hadde med seg bringebær frå Norge og fekk prøvekøyre frysetrommelen. Ein fekk trua på at dette kunne vere ein god løysing her, med dei aukande bringebærmengdene som var venta. Ein fekk også på plass Flofrysar til jordbæra. Vidare vart ein del av den store hallen i 1.etasje delt av og ein fekk på plass to kontor, eit møterom og toalett. Men etter nokre få år, nærare bestemt i 2005, vart gjeldsbøra for stor, og ein måtte gå i forhandlingar med dei største kreditorane, som var Luster kommune, Luster Sparebank og Statens nærings- og distriktutbyggingsfond. Gjelda vart sanert, under føresetnad av at dei opphavelege  77
aksjane vart verdilause, og at dei som ville vere med vidare, måtte kjøpe nye aksjar. Dette var ein periode då ein var redd for at bærproduksjonen skulle «stange i taket», og dei nye reglane for aksjekjøp var slik at ein måtte kjøpe aksjar etter kor mykje bær ein ville levera. Det vart oppretta eit system med A ,B og C-aksjar, for dei ulike bærsortane, med rett til aksjekjøp etter det ein hadde levert året før. Det vart 47 bønder som kjøpte aksjar.  

LITT OM LUSTER GRØNT AS I DAG  

Anlegget har vorte oppgradert betydeleg dei siste åra, med større frysekapasitet og nye kjølemaskiner som går på lovlege gassar. Utvendig er også bygget i ferd med å få eit lyft, med måling av veggen som vender mot riksveg 55. Nytt takdekke er også komen på  plass. Innvendig vert garderobefasilitetane oppgraderte til dagens standard. Frysekapasiteten er no på ca.190 tonn. Den resterande produksjonen vert sett inn på fryselager på Austlandet. For tida har bedrifta ca. 22 leverandørar av bringebær og fire som leverar jordbær. Hagebruksnæringa i Luster skallar av år for år.  For Luster Grønt AS er det eit ynskje om større volum av jordbær, der konservesindustrien ynskjer meir norske bær. Når det gjeld bringebær til konserves, så er det for tida overproduksjon. Bringebær til konsum er det framleis behov for meir av. Pr. i dag er bedrifta eigd av 38 aksjeinnehavarar.

Luster Grønt AS sysselset to personar på årsbasis i deltidsstillingar, og om lag  15 sesongarbeidarar, fordelt på lokale ungdomar og faste utanlandske arbeidarar.